Wednesday, April 25, 2007

BARCELONA


Janita, GroElin, Toril og eg tok turen til Barcelona, helga 20-23 April. Det var FANTASTISK!! Eg trur eg dristar meg til å seie at Barcelona må vere verdas finaste by i Europa:) Denne byen hevdar å vere den byen i Europa som har flest art nouveau- bygningar. Dersom DU skal til Barcelona..SJÅ OPP!!! Bygningane er faktisk heilt
fantastiske.

Turen var ei god blanding av kultur, byliv, shopping og god mat.

La Sagrada Familia
Europas mest ukonvensjonelle kyrkje. Den er full av symbolikk som er inspirert av naturen.
Dette er Antoni Gaudi sitt mest storslåtte verk, og har aldri vorte ferdig. Kyrkja vart Gaudi sitt livsverk.Han budde på staden i 16 år og vart begrava i krypten. Når han døde var berre eit tårn på julefasada ferdig, men arbeidet vart gjennoppretta etter borgarktigen. Abeidet held fram i dag finansiert av offentlege bidrag. Denne kyrkja er absolutt verdt eit besøk, men er absolutt litt oppskrytt også!







MontJuic

Åsen MontJuic stig 213 meter over havna. Der finnast både museum, kunstgalleri og fornøyelsespark. Verdsutstilling vart halde der i 1929.

Nasjonalmuseet ligg oppe i åsen







Utsikt frå Olympia stadion



Nasjonalmuseet, sett frå Plaza Espanya




Katedralen
Barcelona sin gotiske katedral vart påbegynt i 1298, men vart ikkje ferdig før seint på 1800-talet då hovudfasada vart fullført. Ved sida av døypefonten er det ein plakett til minne om dåpen av seks karibiske indianarar som Columbus hadde med frå Amerika i 1493.






Basilica de Santa Maria del Mar

Denn kyrkja er byens mest populære, og er mykje brukt til konsertar pga. den gode akustikken. Dett er også den einaste kyrkja i fullstendig katalansk gotikk. Det tok BERRE 55 år å bygge denne kyrkja:)



Park Guell
Dette er Antoni Gaudi sitt mest fargerike verk. Han vart engasjert i 1890 åra av grev Eusebi Guell til å utforme ein hageby på 200 dekar.






Gran Plaza




Denne benken er 152 meter, og skal vere verdas lengste



Dei hundre søylers rom. Ein markedshall med 84 krumme pilarar og lyse mosaikker i glas og keramikk




Keramikk øgle




Byliv og La Rambla
På La Rambla vrimlar det av folk, aviskioskar, boder med butfuglar og blomar, teiknarar, musikantar, dansarar og levande statuer. Gågata utgjer avenyen mellom Plaza Catalunya og Port Vell (havneområdet).




Blomar på La Rambla



Port Vell





Plaza Reial




Eit Gaudihus midt mellom vanlige hus, midt i sentrum



Gata vi budde i



St.George Day -ein romantikkens dag der mannen skal gje ei rose til dama si, medan dama må kjøpe ei bok i retur







Thursday, April 12, 2007

NYTT PÅ NYTT

Eit svært dårlig foto, men det einaste...

THERESE OG JON - JON OG THERESE:)

Klubben (Janita, GroElin, Toril, Karen, Pernille og eg) har vore på NYTT på NYTT i kveld. Det va sjølvsagt svært morosamt. Kveldens gjestar var Finn Schjøll og Steinar Sagen. Eg oppfordrar alle til å sjå sendinga i morgon:)

Saturday, April 7, 2007

GLAD PÅSK!










Bilder frå
EGGE-
UTSTILLINGA
på BYGDØY:)
Denne utstillinga finn
stad på folkemuseet kvar
påske og anbefalast
på det varmaste!!

Sunday, March 18, 2007

SKISKYTING


Så var det tid for skiskyting i holmenkollen:)
Familien Seljedal + Janita og Jon Anders var på plass for å sjå Ole Einar Bjørndalen KNUSE konkurrentane... noko han då også gjorde. Vi heia også litt på Raphael.. han skulle legge opp og er i tillegg LITT norsk.. Difor fekk han vår sympati. Vi var svært fornøgde då han gjekk inn og tok sølvet.

Etter rennet skulle Ole Einar opp til kongen for å helse på han. Då var vi parate. Eg fikk eit par ganske ok bileter før ei vakt tok tak i sekken min og slengte meg bakover..berre fordi eg prøvde å få kontakt med han for at han skulle skrive autograf på plakaten til Ann-Mari. Surt. Uansett: mamma som skua det heile frå sidelinja var svært mykje heldigare enn meg. I det Ole Einar var på veg forbi henne stoppa han opp og handhelste. Det vart ein stor dag for mamma:) og eg er misunneleg..



Sunday, March 11, 2007

BERGEN























Bergen er norges nest største by med nærare 250 000 innbyggjarar.
Bergen var min by i 3 år. I januar var eg attende for å besøke Kristine som bur der no.

1. Gamle Bergen
2. Gamle Bergen
3. Bryggen
4. På tur med fløybanene en regnversdag
5. Smau

Thursday, March 1, 2007

HERØY







Herøy er eit øysamfunn på Sunnmøre, sør for Ålesund. Det bur ca. 8400 innbyggjarar i Herøy, og kommunen er ei av landet sine største fiskerikommuner. Herøy består av åtte øyer der seks av dei er bundne saman med bru.

1. bilete er teke frå Rundefjellet.
2. bilete er teke frå Rundefjellet.
3. biletet er teke frå Herøy gard med utsikt til Myklebust på Bergsøya.
4. biletet er teke frå båt mellom Kvalsvika og Runde.
5. biletet er teke frå Moltustranda med utsikt til Skorpa.