Tuesday, November 6, 2007

Copenhagen

Eit lite utvalg av alle opplevingane ein får av ein tur til København!

Gro Elin og Therese ute på tur:)

Den lille havfrue. Eventyr av HC Andersen frå 1837. Statuen var ei gåve til København og vart oppført i 1913.

Dronningens garde, vaktskifte utanfor slottet.

TIVOLI. Fornøyelsesparken i København. Grunnlagt i 1843 av Georg Carstensen.
















Rådhuset



Nyhavn

Vi skulle vært i Køben sammen...

Vi skulle vært i Køben sammen, vi skulle vært i London..-vi skulle vært i ElSalvador.. Vi skulle vært i Bussel, vi skulle ut i verden i år...MEN TIDEN BARE GÅR OG GÅR!

hmm.. long time osv.. Det skal vere sagt at eg faktisk har vore i Køben i det siste, men eg har rett og slett berre vorte ein svært treg bloggar. Og utover det har det jo vore ein svært fin sommar her i Oslo.. noko som har gjort at eg har vore svært oppteken;)

Men no trur eg at eg snart skal skjerpe meg.. Bileter frå Køben kjem veldig snart!

Sunday, May 20, 2007

Wednesday, April 25, 2007

BARCELONA


Janita, GroElin, Toril og eg tok turen til Barcelona, helga 20-23 April. Det var FANTASTISK!! Eg trur eg dristar meg til å seie at Barcelona må vere verdas finaste by i Europa:) Denne byen hevdar å vere den byen i Europa som har flest art nouveau- bygningar. Dersom DU skal til Barcelona..SJÅ OPP!!! Bygningane er faktisk heilt
fantastiske.

Turen var ei god blanding av kultur, byliv, shopping og god mat.

La Sagrada Familia
Europas mest ukonvensjonelle kyrkje. Den er full av symbolikk som er inspirert av naturen.
Dette er Antoni Gaudi sitt mest storslåtte verk, og har aldri vorte ferdig. Kyrkja vart Gaudi sitt livsverk.Han budde på staden i 16 år og vart begrava i krypten. Når han døde var berre eit tårn på julefasada ferdig, men arbeidet vart gjennoppretta etter borgarktigen. Abeidet held fram i dag finansiert av offentlege bidrag. Denne kyrkja er absolutt verdt eit besøk, men er absolutt litt oppskrytt også!







MontJuic

Åsen MontJuic stig 213 meter over havna. Der finnast både museum, kunstgalleri og fornøyelsespark. Verdsutstilling vart halde der i 1929.

Nasjonalmuseet ligg oppe i åsen







Utsikt frå Olympia stadion



Nasjonalmuseet, sett frå Plaza Espanya




Katedralen
Barcelona sin gotiske katedral vart påbegynt i 1298, men vart ikkje ferdig før seint på 1800-talet då hovudfasada vart fullført. Ved sida av døypefonten er det ein plakett til minne om dåpen av seks karibiske indianarar som Columbus hadde med frå Amerika i 1493.






Basilica de Santa Maria del Mar

Denn kyrkja er byens mest populære, og er mykje brukt til konsertar pga. den gode akustikken. Dett er også den einaste kyrkja i fullstendig katalansk gotikk. Det tok BERRE 55 år å bygge denne kyrkja:)



Park Guell
Dette er Antoni Gaudi sitt mest fargerike verk. Han vart engasjert i 1890 åra av grev Eusebi Guell til å utforme ein hageby på 200 dekar.






Gran Plaza




Denne benken er 152 meter, og skal vere verdas lengste



Dei hundre søylers rom. Ein markedshall med 84 krumme pilarar og lyse mosaikker i glas og keramikk




Keramikk øgle




Byliv og La Rambla
På La Rambla vrimlar det av folk, aviskioskar, boder med butfuglar og blomar, teiknarar, musikantar, dansarar og levande statuer. Gågata utgjer avenyen mellom Plaza Catalunya og Port Vell (havneområdet).




Blomar på La Rambla



Port Vell





Plaza Reial




Eit Gaudihus midt mellom vanlige hus, midt i sentrum



Gata vi budde i



St.George Day -ein romantikkens dag der mannen skal gje ei rose til dama si, medan dama må kjøpe ei bok i retur